lørdag, juni 09, 2007

Badenymfe som skal flytte frå venene sine

Eg er Ida. Eg har bada tre dagar på rad. I går var eg ute i vatnet 15-20 minutt i strekk av di det var herleg temperatur i vatnet. Men så måtte eg øve, øve og øve.
Eksamen i hovudinstrument nærmar seg steg for steg.
Men no skal eg ut å grille med klassen min. Den kjæraste klassen min. Det er heilt utruleg fælt at me skal vere ferdig her om ei og ei halv veke. Eg klarar det ikkje. Skule er ferdig - og halleluja for det. Men å reise fra venene mine? Det gruar eg meg til.
Forresten så satsar eg på Viken folkehøgskule til neste år. Eg gler meg!
Eg har mykje å gle meg over, men jammen så er det trist å slutte på trygge, gode Kongshaug. Det er her eg høyrer heime. Her er alt kjend. Her er livet mitt. No må eg finna eit nytt nettverk. Sukk.

2 kommentarer:

. sa...

Går nok bra vennen:) du klarer deg nok fint:) kos deg på eksamens konserten da:) blir nok kjempe kjekt:) glad i deg:) klem og kos og alt det der:P

Vibeke sa...

ååh ida ida ida!! eg vil ikkje at du og resten av klassen ska slutta! blir so megatrist..! eg ska lova deg at du kjem til å bli savna, for du e so smilande og gla!:) kjempegla i deg, bæib! sleik;)